skip to Main Content
Første Konkurranse Er I Gong!

Første konkurranse er i gong!

Endeleg er NM i gong! I områda rundt Fredriksten festning svirrar det av speidarar i konkurransemodus. Frukosten er ete, flagget er heisa, og opningsseremonien er avhalden. No er speidarane i gong med første konkurranse-økt, nokon blir testa i førstehjelp medan andre blir testa i kategorien “klima og miljø”.

Vêret er varierande, men stemninga er god! Følg med utover dagen for å få med deg resultata frå dei første konkurransane.

Ordføraren i Halden stilte opp på opningsseremoni! Foto: Frøya Marie Bach-Skeie
Back To Top