skip to Main Content
Fortel Lokalavisa Om NM I Speiding

Fortel lokalavisa om NM i speiding

Det er ikkje kven som helst som blir kvalifisert til noregsmeisterskap i speiding! Det at du og patrulja di skal delta på NM er ein god moglegheit til å sende inn ei sak til lokalavisa. Vi har laga ein mal som de kan bruke til dette, og her kjem oppskrifta på korleis du brukar den.

Malen for sak til lokalavisa finn du her. Den fins både på bokmål og nynorsk.

Det er fire små punkt de må ha klart for å fylle ut malen:

  • Fyll inn namnet på gruppa og patrulja som deltek
  • Legg inn eit sitat eller to frå speidarane
  • Ta eit bilete av speidarane, gjerne på veg til eller under NM. Det vil bli tatt bilete av alle patruljene ved innsjekk, og dette kan de gjerne bruke! Bileta vil bli publisert i denne Google-mappa i løpet av laurdag formiddag.
  • Sjekk at det er greitt for alle på patrulja at bilete og namn blir sendt inn til lokalavisa. For speidarar under 15 år må også føresette godkjenne at det sendast inn.

Dersom de ikkje har fått sendt inn saka på førehand kan de skrive om teksten slik at de kan sende den inn i etterkant av helga! De kan også gjere andre endringar på teksten om de har lyst til det.

Back To Top