skip to Main Content

Rått og vått

Det har vore ein regnfull dag på NM i Halden, og det fører med seg nokre utfordringar. Men vi må ikkje gløyme at det er NM i speiding det er snakk om! Sjølv om regnet pøsar ned, er stemninga på topp, og konkurransane går sin gang. 

Ved ein liten stemningsrapport på leirområdet er det mange som trekker fram at det sjølvsagt hadde vore litt kjekkare om det ikkje hadde regna så mykje. Likevel er det stort sett ikkje anna å sjå enn smilande speidarar. Det verkar ikkje som at det dårlege vêret stoppar lagånda. – Når det regnar må vi samarbeide endå meir, seier Mali Andrea Trippestad frå patrulje Ji Ha (Fetsund KFUK-KFUM-speidarar). 

Nokre patruljer har fått ekstra store utfordringar med vêret. Patrulje Ulv frå 1. Nesodden/Jaer speidergruppe har måtte evakuere leirområdet sitt. – Det er litt synd, for vi hadde blitt så gode venar med naboane, uttrykker Francis Skånseng. Dei er nok likevel glade for å få flytte seg til ein tørrare stad, ettersom halve teltet deira var i ein dam! Sjølv om nokre av kleda deira har blitt våte held dei motet oppe. – Det er det som er greia med speidaren, vi toler litt motgang, seier patruljeførar Mikal Sandvik Lind.

Tekst: Ingvild Berge Conradsen
Back To Top